fredag 4. desember 2009

Kjærleiken eig mange farger 1 - 3

.

1

du makelause menneskje og min medsyster
kor underleg det er å høyre din kviskring
i alt som ikkje lenger er, i kvart eit bibelsk tomrom
som den blinde les eg deg inn i historia att
høyrer eg din gråt, sansar eg din sorg
over din elskede og ven, Maria
til skuggane blei du forvist
kanonisert som dei prostituertes verje
men som mann hadde du vore stor

eg målar deg i purpur og ljos


2

du ber kvar ei kvinne i dine andefylte hender
og gjer kjærleiken til eit blomstrande andlet
der du tenner ljoset i alle mørklagde rom
søk sanninga i kvart eit ord og hjartekammer, seier du
og held fram, sjå alt i ei einaste rot
og eg takkar deg fordi du ærar meg og mine sysken
med denne visdomsgåva
2 millenium for seint riktig nok
men eg vil alltid halde av deg for akkurat det
du min gemini


3

kjære lille guddommelege ven
med auge som grønt hav og
lokkar som skinnande stjernestøv
deg vil eg alltid elske, hegna om
deg vil eg vaska føtene for heile livet
og eg kan berre vona
at du ein dag gjer det same for meg

innan eg døyr


.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar